Vil ta Kystradiosaka opp i Stortinget

Stein Malkenes representerer Miljøpartiet Dei Grøne, og er sjølv ein ivrig båtmann. Han var ein av dei som vart overraska over meldinga som kom tidlegare på dagen, om at Telenor frå neste år vil legge ned tre av fem kystradioar. I Florø, Vardø og Tjøme forsvinn tilbodet, medan tenestene i Stavanger og Bodø skal styrkast, opplyser Telenor. Totalt 24 tilsette misser jobbane sine.

Les saka hos NRK her: https://www.nrk.no/sognogfjordane/vil-ta-kystradiosaka-opp-i-stortinget-1.13460726

- Vi vil prøve å få dette omgjort. Eg håpar dei andre på stortingsbenken her og langs kysten er med. Eg håpar på eit opprør, for no må vi som bur her reagere, seier Stein Malkenes.