Sats på Studentbustadar

Vi i Dei Grøne meiner at også fylkeskommunen og kommunen må støtte opp om arbeidet rundt studentbustadbygging. Med Stein Malkenes på tinget kjem vi til å arbeide for at fylkeskommunen og kommunen kan komme med rimlegare tilbod på tomter.

september 7, 2015

Norsk Studendtorgansisasjon(NSO) la i 2014 fram eit krav om at det må byggast 3 000 nye studentbustadar i året. I Miljøpartiet dei Grøne sitt arbeidsprogram har vi valt å høyre på NSO og har eit punkt som seier at vi vil «bygge minst 3 000 studentbustader per år fram til behovet er dekka», noko vi etterkjem i vårt alternative budsjett der vi vil tredoble satsinga på studentbustadbygging.

Den noverande regjeringa har i år bevilga pengar til 2 000 nye studentbustadar, derav 44 i Sogn og Fjordane. Vi skulle sjølvsagt ynskje det var snakk om fleire, men vi er glade for at regjeringa no bevilgar pengar til bygging av rekordmange studentbustadar.

Av desse middlane har Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISO) m.a. sett i gong eit byggeprosjekt på 150 nye studenthyblar i Sogndal. Dette tykkjer vi er flott! Vi håpar regjeringa vil halde fram med å bevilge pengar til bygging av studentbustadar, slik at vi ser meir av dette!

 

Studentbustad

 

Vi i Dei Grøne meiner at også fylkeskommunen og kommunen må støtte opp om arbeidet rundt studentbustadbygging. Med Stein Malkenes på tinget kjem vi til å arbeide for at fylkeskommunen og kommunen kan komme med rimlegare tilbod på tomter. Vi ser at til dømes Bergen kommune gjev studentsamskipnaden gratis tomter til studentbustadbygging fordi studentbyen Bergen er viktig for Bergen kommune. I tillegg ynskjer vi også å redusere parkeringskrava SISO har blitt pålagt. På grunn av krav til erstatning og nybygging av parkeringsplassar må studentsamskipnaden bruke 20 millionar av pengane som skulle gå til studentbustadar til å finansiere parkeringsplassar. Dette meiner vi blir heilt feil, både miljømessig og med tanke på forvaltning av pengane.

Med andre ord vil vi jobbe vidare med at:

  • Fylkeskommunen samarbeidar med kommunane om å finne rimelege tomter, som ligg strategisk plassert
  • Syte for at bustadane ikkje blir byggde med unødig høg standar slik at prisane blir unødig høge
  • Redusere parkeringskrav, og heller syte for gode kollektivtilbod i nærleik av bustadane

 

- Eg vil arbeide for at Sogndal får dei studentbustadane dei har vorte lova så snart som mogleg!