Salet av Fjord1 til Torghatten er stoppa!

Fotocredit: Kjell Arvid Stølen/NRK

juli 14, 2016

Takka vere iherdig innsats frå mellom anna vår fylkestingsrepresentant Stein Malkenes har konkurransetilsynet i dag stoppa salet av Fjord1 til Torghatten!
 
Les saka på nrk.no her: https://www.nrk.no/sognogfjordane/konkurransetilsynet-forbyr-salet-av-fjord1-1.13041984
 
Ved å behalde Fjord1 i fylkeskommunal eige sikrar vi at Sogn og Fjordane har reiskapen til å gå det grøne skiftet i møte og sikre mange framtidige arbeidsplassar i fylket. Båtar skal byggast, ruter skal drivast, og store mengder godstransport skal flyttast frå veg til sjø. Her kan Fjord1 spele ei leiande rolle.