Miljøvenleg politikk løner seg

Fotocredit: Firda

september 1, 2015

(Lesarinnlegg i FIRDA 01.09.15)

Forfatter: MARK TAYLOR 1. kandidat MDG Fjaler, HILDE GENBERG 2. kandidat MDG Fjaler og 10. kandidat MDG Sogn og Fjordane

IKKJE ALT skal handla om pengar, men når det gjeld kommunevalet i Fjaler, står økonomien sentralt.

Arbeidarpartiet sin politikk fører diverre til sentralisering, nedlegging og kutt i teneste. Dette er kombinert med ein bustadpolitikk som til dels raserar matjorda, livsgrunnlaget for framtidige generasjonar. Miljøpartiet Dei Grøne(MDG) meiner at vi kan både ta vare på matjorda og gje folk attraktive tomtar med god utsikt.

Senterpartiet satsar på eit desentralisert barnehage- og skuletilbod og landbruk for å auke tilflytting til Fjaler (og dermed auke inntekter til kommunen), men kva skjer om det ikkje blir tilflytting? Korleis vil Senterpartiet hjelpe næringslivet til å skape arbeidsplassar? MDG MEINER at det trengs ei ny stemme i kommunestyret som kan fremje ein miljøvenleg og berekraftig politikk som også løner seg. Fjaler kommune må sjå på miljøvenlege tiltak innført i andre kommunar for å redusere utgiftene. Her er eit døme med grove, gjennomsnittstal som viser korleis miljøvenleg politikk kan gje ei innsparing for kommunen.

Oppegård kommune kjøpte 29 el-bilar og sparte 800 000 kr i drivstoff på eitt år. I tillegg sparer kommunen kr 2.825 per bil i årsavgift så det blir om lag kr 30.400 i innsparing per bil.

Fjaler kommune har 17 småbilar. Vanskeleg å vite alder og marknadsverdi på desse bilane, men lat oss seie at desse fossilbilane blir selt til kr 140.000,per stk. og kommunen kjøper inn 17 el-bilar med varierande storleik som kostar mellom 150.000 og 200.000 (levetid for batteri 8 år eller ut bilens levetid og rekkjevidde ca. 170 km). Då blir det ei investering i snitt på om lag 30.000 per el-bil, (eller mindre om kommunen kan klare seg med fleire bilar som ikkje er så store). Etter eitt år er investeringa betalt, og kommunen får 7 år med ei innsparing av kr 516.800 kvart år! Eller sagt på ein annan måte, halve innsparinga med nedlegging av Guddal skule.

NYE EL-BILAR er kanskje om lag kr 40.000 billegare enn tilsvarande nye fossilbilar, så på 17 bilar blir det ei eingongsinnsparing av kr 680.000! Noko av desse pengar kan vere med å finansiere fleire ladingsstasjonane, saman med støtte frå Enova og samarbeid med lokal næring. Vi har 4 ladingspunkt utanfor kommunehuset i Dale og 2 i Korssund. Bør ha i Guddal, Hellevik, Straumsnes og Flekke/Haugland også. Dette vil kome også private sjåførar til gode. Stem på MDG i fylkesvalet, så kan vi få el-minibussar og el-bussar som vil spare på transportutgiftene på fylkesbudsjettet.

MDG VIL styrke grønt næringsliv som kan skape arbeid og tilflytting. Då Næringslivets Hovudorganisasjon Sogn og Fjordane (NHO) inviterte alle 1. og 2. kandidatar frå alle dei politiske partia i kommunen til møte med næringslivet (som Enoro og Sunnfjord Energi) for å høyre kva næringa treng, var det berre MDG som stilte med begge kandidatar frå Fjaler (Fjaler Venstre og PDK Fjaler stilte også med ein kandidat kvar). MDG vil legge til rette for nyskaping ved å sikre eit føreseieleg og desentralisert barnehage- og skuletilbod, betre vegar, busstilbod og breiband, rask handsaming av søknader til areal, norsk undervisning til utanlandske arbeidstakarar og skattelette til grøn næring. På fylkestinget vil MDG sikre Dale vidaregåande skule og hjelpe den grøne omstillinga i næringslivet og landbruk.

MDG SIN politikk er bra for miljø, klima, folkehelse og kommuneøkonomien. Når Miljøpartiet Dei Grøne kjem inn i kommunestyret og på fylkestinget, vil vi samarbeide med det partiet/dei partia som er viljuge til å innføre ein meir miljøvenleg politikk for å få fart i det grøne skiftet og spare pengar. Tenk nytt, stem grønt!