Miljøpartiet Dei Grøne vil ikkje ha kommunesamanslåing

NRK har nekta Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) å vere med på debatten deira om kommunesamanslåing 19. august. Debatten er berre for dei gamalmodige partia i fylket som alt er med i fylkestinget. MDG er for nye og for små, seier NRK Sogn og Fjordane.

 

Derfor skriv vi denne kronikken, slik at veljarane får vite at MDG meiner Regjeringa sitt store prosjekt om kommunesamanslåing ikkje er noko vi vil støtte.

august 19, 2015

Lesarinnlegg Firda

 

Vi registrerar ingen folkekrav rundt om i kommunane om at dei vil bli slått saman med nabokommunar. Tvert om – nesten 2/3 av innbyggarane er imot, viser siste meiningsmåling frå Senito. Kommunesamanslåing er byråkratar, nokre forskarar, NHO og regjeringa sitt prosjekt aleine. Reforma er såleis udemokratisk og byggjer på ei ideologisk, nesten religiøs oppfatning av at store einingar automatisk gjev oss eit betre samfunn. Tanken bak er at kommunesamanslåing aukar grunnlaget for at private aktørar kan overta kommunane sine fellesskapstenester og at tenester kan sentraliserast i kommunane.

Vi veit at Noreg allereie har langt større kommunar enn gjennomsnittskommunen i EU. Våre kommunar er 710 km2, medan EU-kommunane er 47km2. Det same gjeld innbyggjartal, der norske kommunar har om lag 11 000, medan EU-kommunane har om lag 5 400 innbyggarar. Om vi skulle følgje ønskedraumen til regjeringa, slik det er rekna på av det såkalla Rattsøutvalet med ein reduksjon frå 430 til om lag 100 kommunar, endrar situasjonen seg dramatisk for Noreg. Då vil vi ha dei desidert største kommunane i Europa målt i areal (3 000 km2, som er dobbelt så stort som det EU-landet – Sverige – med dei største kommunane i dag), og dei nest største kommunane målt i folketal (50 000, berre Storbritannia har større gjennomsnitt i dag). Desse tala er samanstilt av Professor Bjarne Nilsen ved Høgskulen i Hedemark.

Poenget vårt er derfor: Kva er logikken bak at Noreg, eit av dei minste målt i folketal og mest spreiddbudde landa i Europa, skal ha som mål å få dei desidert største kommunane i Europa? Kva er konsekvensen om dette skulle skje?

Er det noko vi kan seie sikkert om eit slikt nytt Noreg er at: (1) administrasjonen per eining tenesteproduksjon blir større – ikkje mindre, og (2) avstandane mellom innbyggjarane og kommunesentrum vil auke. Det første punktet er basert på erfaringar frå andre samanslåingar, mellom anna av helseføretak og universitet. Det andre punktet er eit geografisk faktum og er særleg gjeldande i Sogn og Fjordane. Desse to tilhøva aleine skulle tilseie at kommunereforma ikkje er fornuftig. Kommunane vil måtte bruke meir pengar til administrasjon, og du og eg som innbyggjar vil måtte bruke meir tid og pengar til transport, noko som igjen vil auke utsleppa.

Eit poeng som ofte vert trekt fram av regjeringa er å gjere kommunane større for på den måten å gjere dei i stand til å ta imot nye arbeidsoppgåver som i dag er statlege. Dette er MDG også skeptisk til, av to grunnar: Dagens kommunale oppgåver er alt i dag underfinansiert, og erfaringar frå tidlegare forsøk med å overføre statlege oppgåver til kommunane viser at motstand mot dette i statlege organ fører til at kommunane ofte for overført «dilleoppgåver», og at berre 80% av budsjetta følgjer med på lasset.

MDG er sjølvsagt for at kommunar som finn det fornuftig, slår seg saman, dersom innbyggjarane ønsker dette. Men vi er sterkt imot kommunereforma slik den ligg føre no; det er ein rein ideologistyrt, liberalistisk reform som er impregnert mot eit kvart fornuftig og fagleg grunngjeve motargument. Den dalande politiske interessa rundt om i kommunane er vel også eit teikn på at mange er einige med oss i dette. Nyleg var Erna Solberg i media og nærmast trygla kommune-Noreg om å slå seg saman. No var hennar ambisjonsnivå nede på 50 samanslegne kommunar. MDG meiner det no er på tide å avlyse heile reforma.

 

Av Stein Malkenes, fylkesordførarkandidat for Miljøpartiet Dei Grøne

- Kva er logikken bak at Noreg, eit av dei minste målt i folketal og mest spreiddbudde landa i Europa, skal ha som mål å få dei desidert største kommunane i Europa? Kva er konsekvensen om dette skulle skje?