Miljøpartiet Dei Grøne satsar på sjøtransport og Fjord1

Fotocredit: Fjord 1

I Firdaposten 4. august legg Bjørn Hollevik fram oppskrifta på korleis Høgre vil rasere Fjord1. Høgre vil selge Fjord1 for at fylkeskommunen ”skal få pengar på bok”, hevdar han, og set frekt og freidig eigarskap av Fjord1 opp mot vidare utvikling av vidaregåande skular. Samtidig forsikrar Hollevik at eit eventuelt salg av Fjord1 vil sikre dei 90 arbeidsplassane på eit hovudkontor i Florø.

 

Det kjem ikkje til å skje. Det veit Hollevik.

 

 

august 17, 2015

Han kan drøyme om det, men Høgre bør, som marknadsliberalistar, vite at i fusjonar og salgssituasjonar er det makta og pengane som rår, ikkje kva politikarar meiner. Eit nært døme på ein identisk argumentasjon som Høgre legg fram for Fjord1, skjedde for nokre år sidan då dei to hurtigrutereiarlaga Troms fylkes Dampskibsselskap og Ofoten og Vesteraalens Dampskibsseskap fusjonerte. Høgrepolitikarane i Nordland, støtta av andre stordriftskåte parti, forsikra at hovudkontoret skulle ligge i Narvik og at fusjonen skulle bli ei velsigning for heile Nordland fylke. Kort tid etter var hovudkontoret i Narvik lagt ned og flytta til Tromsø og ei verksemd med tilsvarande arbeidsplassar som Fjord1 var vekke frå Narvik. Hurtigruten blei børsnotert, kjøpt opp av spekulanten Trygve Hegnar som igjen selde vidare til spekulantar i London. Om bord i skipa og i landorganisasjonen har ei rekke tilsette fått sparken og andre har fått arbeidsvilkåra forverra. Småaksjonærane er tvagsutløyste og pensjonar har forvitra. Samfunnet og fellesskapet har tapt, men eigarane har tent store pengar. Høgre kallar slikt stordriftsfordelar og robuste einingar.

Saman med alle dei andre politiske partia i fylket, arbeider Høgre i Sogn og Fjordane for å bygge ein fergefri, klimafientleg motorveg langs kysten av Vestlandet. Det nyaste prisoverslaget for denne fossilvegen er 268 000 millionar kroner (268 milliardar kroner).

Sluttsummen blir sjølvsagt langt høgre. Det veit alle. Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) har andre ting å bruke skattepengar på når no Noreg skal omstillast frå fossilt til fornybart samfunn. Mellom anna ønsker vi å bruke pengane til smartare transportløysingar.

MDG er det einaste partiet som har programfesta sikring av arbeidsplassane om bord i ferjene og omlegging av godstransport frå veg til sjø. Vi har derfor innhenta tal som viser at bygging av ferjefri E39 vil føre til tap av om lag 390 arbeidsplassar om bord i ferjene til Fjord1, slik dei går i dag. I tillegg kjem om lag 80 arbeidsplassar i Norled. Til saman 470 direkte arbeidsplassar vil forsvinne. Det er, til samanlikning, 300 arbeidsplassar meir enn skandalegruva i Vevring vil gje lokalt. I ein samfunnsrekneskap ved nedlegging av all ferjedrift på Vestlandet kjem også tap av fleire hundre indirekte arbeidsplassar på skipsverft, hos underleverandørar av ei rekke varer og tenester, i den statlege ferjeadministrasjonen og på reiarlagskontora og lokal verdiskaping gjennom ymse sal og andre aktivitetar om bord på ferjene og på kaiene.

MDG vil utdanne fleire sjøfolk. Vi vil på denne måten stimulere den maritime satsinga i Måløy og gjennom ei slik satsing bidra til auka utdanning og sysselsetning innan den grøne omstillinga til sjøs.

Vi i MDG er realistar og vi ser moglegheiter. I første rekke gjeld dette klimaspørsmålet og korleis Sogn og Fjordane skal omstillast frå ein gamaldags og klimaøydeleggande fylkespolitikk til ein framtidspolitikk som tilrettelegg for smarte, grøne arbeidsplassar. Eit hovudområde for den grøne omstillinga er samferdsle. Fylkeskommunen sin beste arena for å bidra til grøn omstilling er Fjord1. I staden for å skape usikkerheit i reiarlaget,vil MDG halde på eigarskapen og utvikle Fjord1 til å bli verdas beste reiarlag på framtidas utsleppsfrie sjøtransport. Dette ved å kanalisere pengar frå vegbudsjetta inn mot forskning og utvikling av sjøtransport med base hos Fjord1 i Florø. MDG vil også bidra til å hente inn utviklingsmidlar frå ulike EU-program, samt andre eksterne finansieringsordningar til ei slik satsing.

MDG tek sentralbanksjefen på alvor når han i sin årstale til nasjonen formante oss alle om å starte med sparing umiddelbart. Oljefesten er over, sa han, og såg oss djupt inn i auga. Vi tek også Regjeringa sitt mål om 40 prosent reduksjon i nasjonale klimagassutslepp innan 2030, målt mot 1990, på alvor. Det skal kuttast klimagassutslepp i mange sektorar, inkludert transport, seier regjeringa. Dette gjeld også for Sogn og Fjordane og Vestlandet.

Høgre og dei andre partia i fylket vårt har ikkje forstått dette og vil fortsette med å levere fylket meir av ein politikk som ikkje verkar og som er årsaka til våre regionale klima- og miljøproblem.

MDG er eit framtidsparti. Vi har kunnskap, erfaring og ein politikk som skal skape smarte arbeidsplassar i fylket. Fjord1 vil bli flaggskipet i ei slik satsing.

 

Stein Malkenes

Fylkesordførarkandidat for Miljøpartiet Dei Grøne

 

- MDG vil utdanne fleire sjøfolk. Vi vil på denne måten stimulere den maritime satsinga i Måløy og gjennom ei slik satsing bidra til auka utdanning og sysselsetning innan den grøne omstillinga til sjøs.