MDG Sogn og Fjordane kjem med forslag til nytt målkapittel i regional transportplan

På møtet i HS i Aurland 09.02.2016 orienterte Ole Ingar Hagen Hæreid frå administrasjonen om vidare framdrift i arbeidet med rullering av regional transportplan (RTP) 2018-2027. Orienteringa inneholdt invitasjon til å komme med innspel til det førebuande arbeidet med RTP 2018-2027 som pågår no.

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) vil spele inn framlegg til tema som vi foreslår lagt inn i RTP 2018-2027 i denne fasen av planarbeidet.

 

mars 4, 2016

Grunnlaget for våre innspel er i all hovudsak følgande:

  •  Regional gjennomføring av Parisavtalen
  •  Vedtaka i Storting og Regjering om overføring av godstransport frå veg til sjø og bane.
  •  Sentralbanksjefens formaningar om at ”oljefesten” er over og at nasjonaløkonomien i framtida i langt sterkare grad vil bere preg av innsparingar.
  •  Omstillingane samfunnet skal igjennom i det grøne skiftet.

MDG oppmodar om at det blir utforma eit nytt målkapittel og tidsplan i RTP 2018-2027 der oppfølging av Parisavtalen innan heilskapleg, regional transportplanlegging og gjennomføring blir formulert og lagt eit tidsløp for.

Heile forslaget frå MDG kan du lese her: Notat til SFj fylkeskommune frå MDG om RTP 2018-2027