MDG fekk 25,8% på Hafstad VGS

Fotocredit: Firda

FØRDE: Miljøpartiet vart nest største parti ved skulevalet på Hafstad.

september 9, 2015

Då stemmene var opptalde etter at 90 prosent av elevane ved Hafstad vidaregåande hadde gitt si stemme ved skulevalet, var det eitt parti som stod att som den store overraskinga.

– Eg fekk først høyre at vi hadde fått 26 prosent av stemmene, så snakka eg med Eliane Wergeland, ho sa at det ikkje stemde. Vi hadde berre fått 25,8 prosent, seier styremedlem i Miljøpartiet Dei Grøne sitt ungdomsparti, Grøn Ungdom, Ida Beate Løken.

– Greidde å engasjere – Det er eit heilt fantastisk valresultat for oss. Vi greidde å engasjere dei unge med vår politikk, så vi er godt nøgde, seier Løken til Firda.

Ho legg til at dei hadde eit håp om å score bra på skulevalet, då dei har ein politikk Løken meiner treff ungdommen godt.

– Men at vi skulle vere heilt opp i ryggen på Arbeidarpartiet, det hadde eg ikkje trudd, seier 20-åringen.

Ho var sjølv tilskodar på debatten, og let seg imponere av MDG sin representant i panelet, Eliane Wergeland.

– Det er første debatten ho er med i, og ho gjer ein kjempeinnsats, seier Løken, som sjølv er nummer fire på fylkestingslista og bystyrelista til MDG i Førde. Og med resultatet dei fekk på Hafstad spørst det om ho ikkje må bu seg på å stille.

Vil vippe ordføraren – Eg har ikkje tenkt på det som truleg at eg kjem inn i bystyret, men om vi får ei slik oppslutning så gjer eg fort det. Det viktigaste er at dei som står framfor meg kjem med, seier ho og legg til:

– Men eg håpar vi blir så store at vi får ei reell makt, og kan vere med å avgjere kven som blir ordførar, til dømes.

Eit parti som høgst truleg får ei reell makt, er Arbeidarpartiet. Dei gjorde det og godt ved valet, og fekk 27,5 prosent.

– Det er så mykje at vi bør ta ordføraren i Førde. Det må vere målet ved valet. Grotle er god, men det er på tide å få inn Midtbø som ordførar, seier fylkeskandidat Torbjørn Vereide.

Han peikar på ein god debatt som mykje av årsaka.

– Vi får snakke sak, og halde oss til vårt. Det trur eg vi scorar på. Det var ein kjekk debatt.

Også kommunekandidat og Hafstad-elev i Førde, Reidar Fugle Nordhaug var nøgd.

VALRESULTAT

■ Arbeiderpartiet 27,5 prosent ■ Miljøparitet Dei Grøne 25,8 ■ Høgre 11,3 ■ Senterpartiet 9,0 ■ Sosialistisk Venstre 7,0 ■ Kristeleg folkeparti 3,9 ■ Fremstagespartiet 3,9 ■ Venstre 3,4 ■ Partiet de kristne 2,5 ■ Raudt 1,1 ■ Kystpariet 0,5 ■ Blanke stemmer 3,9

 - GLIS: Både Ida Beate Løken (t.v. ) og Reidar Fugle Nordhaug hadde grunn til å smile breitt etter skulevalet ved Hafstad vidaregåande skule i haust. MDG vart nest største parti etter Arbeidarpartiet.
– GLIS: Både Ida Beate Løken (t.v. ) og Reidar Fugle Nordhaug hadde grunn til å smile breitt etter skulevalet ved Hafstad vidaregåande skule i haust. MDG vart nest største parti etter Arbeidarpartiet.