Landsmøtet 2015 er i gong!

Denne helga (8.–10. mai) har Miljøpartiet Dei Grøne sitt landsmøte på Clarion Hotel Energy i Stavanger. Der vert vegen mot lokalvalet til hausten meisla ut av partiet sine eigne representantar og kandidatar.

Miljøpartiet Dei Grøne har tredobla antalet lister til lokalvalet, og stiller nærare 240 lister i fylker, kommunar og bydelar.

Partiet har også sin fyrste månad der snittet av alle landets meiningsmålingar plasserar partiet over sperregrensa. I tillegg nermar partiet seg 7000 betalande medlemar. Tidlegare kunne berre 2 prosent stemme på partiet i Sogn og Fjordane, no kan 57 prosent sleppe Dei Grøne si liste ned i urnene ved kommunevalet.

På landsmøtet vil mellom anna Marièl Eikeset Koren og Martin Eikeset Koren frå Gloppen MDG vere fylkesdelegatar, og kjem til å gå inn for at mellom anna resolusjonar for eit omfattande jordvern og mot søndagsopne butikkar vert vedteke. ”Det viktigaste for meg på dette landsmøtet vert å få ei stadfesting frå partiet på at vi har dei i ryggen når vi skal jobbe med jordvernet i kommunen vår. Berre 3% av arealet i Noreg er matjord, og dermed er arbeidet med å sørge for at denne ikkje vert nytta til andre ting enn å sikre mattryggleik stadig viktigare.” Seier Marièl Eikeset Koren, som i tillegg til å vere listetopp for Miljøpartiet Dei Grøne i Gloppen også er nestleiar i Sogn og Fjordane MDG.