Frå Sogn Avis: Miljøpartiet Dei Grøne i Aurland

Miljøpartiet Dei Grøne i Aurland

Monica Gjesdal Larsen er ordførarkandidaten til Miljøpartiet Dei Grøne i Aurland.

Namn: Monica Gjesdal Larsen
Parti: Miljøpartiet Dei Grøne
Kommune: Aurland
Sivil status og alder: 40 år, eitt barn
Utdanning og yrkesfagleg bakgrunn: Grunnfag i Kunsthistorie, Master i fotografi på Kunsthøgskolen i Bergen, Agronom i økologisk landbruk ved SJH – Sogn Jord og Hagebruksskule, etterutdanning i Garden som pedagogisk ressurs. Har reist mykje i verda, og det ser eg på som ein viktig del av mi utdanning!
Mykje forskjellig yrkesbakgrunn, men noko er: Sjølvstendig næringsdrivande som fotograf og husmålar, jobba i verna bustader etter HVPU reforma både kommunalt og ved ein antroposofisk heim i Bergen. Sesongarbeidar i to år, no fast tilsett på femte året, med ansvar for dyrking av grønsaker i tillegg til å vera øvingslærar i Hagebruk ved Sogn Jord og Hagebruksskule.

Politisk røynsle: Har vore politisk engasjert sidan ungdomen, men ikkje partipolitisk aktiv før eg melde meg inn i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i 2007. Eg vart først sekretær, sidan leiar i MDG Sogn og Fjordane frå 2009.
Dei tre viktigaste sakene i komande periode:
– Levande bygd. Her vil me satsa på den grøne næringa som allereie eksisterer i Aurland. Lokal, økologisk produksjon og distribusjon av mat er ei viktig sak for oss – tenkje globalt, skape og handle lokalt!
– Styrkja lokaldemokratiet. Ved at me som politikarar er vårt ansvar bevisst og lyttar og engasjerer innbyggjarane Mellom anna ved å invitera til folkemøte i viktige saker som vedkjem og har stor innverknad på lokalsamfunnet. Slik at både unge og eldre kan få seia si meinig. Dette trur me vil samla og inkludera fleire i lokalpolitikken.
– Eit sunt og trygt Aurland. Me vil at eksisterande sykkelvegar skal fullførast og at det vert bygd ut fleire. Ferdsel på sykkel er helsebringande og miljøvenleg, men det må òg vera trygt! Me ynskjer oppmerking av fleire turvegar og stiar i nærområda der folk bur.

Kva tenkjer du om Samhandlingsreformen?
Samhandlingsreformen sitt fokus på førebyggjande helsearbeid ser eg på som positivt, men om endringane i reforma skal føra til at lokalsjukehusa og deira kompetanse forsvinn er eg negativ til det. Ei styrking av kommunane sin kompetanse innan helsesektoren og ein auke av kvalifisert personell lokalt ser me på som naudsynt. Det vil for oss også til dømes vera viktig å leggja til rette for utdanning og arbeid for dei som fell utanfor det ordinære arbeidsmarknaden, men som likevel har ressursar som er viktige for fellesskape.

Kvifor er du den beste ordførarkandidaten?
Fyrst og fremst representerer eg eit ungt og nytenkjande parti. Nokre av mine eigenskapar kjem frå at eg har jobba med mykje forskjellig, reist i verda og møtt menneske frå alle lag. Eg ser meg som eit jordnært menneske som er engasjert, lyttande og handlekraftig. Eg likar å møta andre og har glede av, og stor på tru på at gjennom samarbeid og diplomati finst dei beste løysingane, men eg vil ikkje gå på akkord med partiets grunnleggjande prinsipp. Eg er ærleg, ser framover og likar å organisera.
Miljøpartiet Dei Grøne si liste ved kommunevalet i Aurland:
1. Monica Gjesdal Larsen (1970)
2. John Håland (1972)
3. Unni Kristin Underdal (1964)
4. Kristoffer Ullern Hansen (1969)
5. Guro Amundsen (1984)
6. Odd Inge Moldvær (1951)
7. Anne Karin Hatling (1965)
8. Merete S Tønnessen (1989)
9. Janicke Hoel (1975)
10 Anne-Line Nesse Johnsen (1960)
11. Sigrun Underdal Borlaug (1991)