Fossilsystrene Jenny og Åshild

Stemstein

 

 

Lesarinnlegg av Stein Malkenes 10.09.15

Dei kivast om å blir fylkesordførar, men begge fossilsystrene vil halde fram med å styre Sogn og Fjordane i feil retning. Dei skjønar ikkje at dei må sleppe taket. La noko fare for å skape noko nytt. Ei heller skjønar dei at det er no Sogn og Fjordane kan ta leiinga. Bli det fylket som viser Noreg vegen vidare i det grøne skiftet. Neidå, kursen ligg støtt i den gamalmodige folden. Enno ein gong vil Sogn og Fjordane stå att på kaia når framtida legg frå land. Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) vil gjere Sogn og Fjordane til det fylket der omstillinga blir vårt prioriterte satsingsområde. Vi vil gje betre vilkår til framtidsnæringane og fase ut støtte til fossile aktivitetar. Vi vil starte no. Her er våre ”ti bod” for omstilling:

 

  • MDG vil gjere Sogn og Fjordane til pilotfylke i Noreg i omstillinga frå fossil til grøn samfunnsutvikling.
  • Vi vil opprette eit Bionova etter same modell som Enova med støtteordningar for å utvikle nye bionæringar med evigvarande arbeidsplassar basert på marine ressursar, jord- og skogbruk.
  • Bionova vil vi legge til oljebasen i Florø som ei hovudsatsing i utfasing av oljeaktivitet og starten på etterbruken av dei store investeringane fellesskapet har gjort der.
  • Den fylkeskommunale oljekonsulentstillinga skal leggast ned og erstattast av ei stilling som grøn næringsutvklar – eit første steg på snuoperasjonen.
  • MDG vil rigge Innovasjon Noreg på Leikanger til å bli ein nasjonal hovudmedspelar i omstillingsarbeidet.
  • Vi vil skape jobbar ved å auke investeringene i sjøtransport og kollektivtransport i staden for einsidig utbygging av gigantiske bruer og motorvegar langs kysten og over fjordane våre
  • MDG vil invitere til å investere tungt i utdanning, forskning og innovasjon
  • Vi vil derfor fjerne dagens store statlege investeringar, skatte-, garanti- og avskrivingsfordelar frå oljeindustrien og overføre desse fordelane til den nye grøne næringssektoren.
  • Vi vil bygge opp og vidareutvikle dei næringane som ikkje er oljeavhengige til dømes skipsfart, fiskeri, matvaresektoren og turisme.
  • MDG vil gje skattelette til små verksemder og gründarar, fritak for arbeidsgjevaravgift dei første to åra og skattefritak for små formuer (3,5 millionar), samt betre sosiale rettigheiter for private næringsdrivende.

 

Dette er eit tilsvarende systematisk næringsutviklingsprosjekt som det Noreg starta då Stortinget i 1970 vedtok å utvikle oljeindustrien. Dersom MDG kjem inn på fylkestinget, vil vi invitere til samarbeid med dei partia som vil arbeide for dette konkrete skiftet og samtidig legge vekk fossile saker som til dømes Kystvegen. Fossilsystrene er velkomne til eit vidare samarbeid om dette.

 

Stein Malkenes

Fylkesordførarkandidat for MDG

- Miljøpartiet Dei Grøne vil gjere Sogn og Fjordane til det fylket der omstillinga blir vårt prioriterte satsingsområde.