Fotocredit: Arve Solbakken

Følling får motbør frå MDG

februar 27, 2016

Følgande artikkel er henta frå Firdaposten 23.02.2016

FØRDE: Fylkesordføraren støttar Bremangerlandet Vindpark AS si anke til departementet. Det liker MDG dårleg.

Jenny Følling (Sp) har sendt brev til Olje- og energidepartementet (OED), der ho peikar på at Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar Bremangerlandet VIndpark AS si anke på avslaget om bygging- og drift av vindpark i Bremanger.

– Ikkje politisk semje

Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane har no også sendt eit brev til OED, der dei ber departementet ikkje ta omsyn til brevet frå Følling. Dei peikar på at dei ikkje stiller seg bak fylkesordføraren, og at dei støttar NVE sitt avslag på søknaden frå Bremangerlandet Vindpark AS:

– MDG i Sogn og Fjordane finn det underleg og kritikkverdig at fylkesordførar Jenny Følling formulerer seg til OED i denne konfliktfylte saka som om det er eit samla fylkesting som stiller seg bak hennar brev. Brevet frå fylkesordføraren gjev eit feilaktig inntrykk av å vere eit einstemmig vedtak frå alle folkevalde på fylkestinget. Det er ikkje korrekt, skriv fylkestingsrepresentant Stein Malkenes i brevet til OED.

Han peikar på at saka rett nok har vore oppe i fylkesutvalet 9. desember 2015, der MDG ikkje sit, og at MDG difor ikkje har fått vere med på å handsame saka. Men hadde dei vore med på dette fylkesutvalsmøtet, skriv Malkenes vidare, ville dei ha gått imot brevet frå fylkesordføraren.

Følling

– Er Følling ugild?

Dei spør seg også om fylkesordføraren er ugild i saka, i og med at ho er med i styret i Vindkraftforum, som også har sendt klage på avslaget frå NVE.

– I samband med utarbeiding av vindkraftplanen fekk Vindkraftforum ein særrett til å kome med innspel til vindkraftplanen. Innspela frå Vindkraftforum hadde stort sett som formål å gje adgang til dei beste vindkraftområda, uansett om andre faglege vurderingar frårådde dette, eller om konfliktnivået var høgt. Då ville kraftselskap, som mellom andre dei ovanfornemnde fylkespolitikarane hadde betalte styreverv i, kunne bygge vindkraft i strid med faglege råd, peikar MDG på i vedlegget til brevet til OED.