Fantastisk resultat for MDG i Sogn og Fjordane!

Miljøpartiet Dei Grøne har hatt nest størst vekst i oppslutnad sidan 2011 i fylket, og får dermed inn ein representant på fylkestinget!

september 15, 2015

Miljøpartiet Dei Grøne er etter gårsdagens val representert i fleire kommunestyre i fylket med ein eller to representantar. I tillegg er Stein Malkenes inne på fylkestinget.

Her er resultata:

Sogn og Fjordane: 3,2% – 1 mandat

Aurland: 11,4% – 2 mandat
Fjaler: 3,5% – 1 mandat
Flora: 3,6% – 1 mandat
Førde: 4,9% – 1 mandat
Gloppen: 3,5% – 1 mandat
Årdal: 3,5% – 1 mandat

Takk til alle som røysta på oss. Dette gjer oss enno betre rusta til å gjennomføre det grøne skiftet, også i Sogn og Fjordane.