Fotocredit:

Berre Miljøpartiet Dei Grøne ønsker omstilling til «det grøne skiftet» og oppfølging av Parisavtalen.

Under handsaminga av økonomiplanen for fylkeskommunen for perioden 2017-2020 vedtok finansutvalet 2. mars å organisere økonomiplanen for dei neste fire åra på same måte som tilsvarande vedtak frå 2015.  Dette trass i at dei fleste elles i samfunnet i mellomtida har forstått at heile den norske økonomien er i endring og at også fylkeskommunane skal omstille seg til «det grøne skiftet» og gjennomføre krava frå klimaavtalen frå Paris

mars 9, 2016

MDG fekk berre eiga stemme i sitt framlegg til vedtak: (sitat frå møteboka i finansutvalet):

Endringsframlegg:

Stein Malkenes, MDG, sette fram følgjande endringsframlegg:

Finansutvalet ber fylkesrådmannen om å komme tilbake til politikardagen 12.05. med ei

vurdering av strukturen i økonomiplandokumentet i høve omstillingane til det grøne skiftet og

oppfølging av Parisprotokollen.

 

Avrøysting:

Stein Malkenes stemte for endringsframlegget. Framlegget fall.

 

Fylkesrådmannen sitt framlegg til vedtak:

Økonomiplan 2017-2020 vert utarbeidd etter same mal som Økonomiplan 2016-2019, jf. FT-sak

26/15.

 

Avrøysting:

Jenny Følling, Sigurd Reksnes, Aleksander Øren Heen, Karen Marie Hjelmeseter (alle Sp), Åshild Kjelsnes, Hilmar Høl, Helen Hjertaas (Ap), Noralv Distad (H), Trude Brosvik (Krf), Marita Gunn Aarvik, Frank Willy Djuvik (Frp) og Jakob Andre Sandal (SV) stemte for fylkesrådmannen si tilråding. Tilrådinga vart vedteke.

 

 

I til dømes Hordaland er fylkesordførar, fylkespolitikarane og fylkesrådmannen i ferd med å gjennomføre «det grøne skiftet» og oppfølging av Parisavtalen.  I stagnasjonsfylket Sogn og Fjordane er ikkje omstillingane eingong registrert.  Dette er endå eit døme på kvifor Sogn og Fjordane alltid er på etterskot, seier Stein Malkenes.