Stein Malkenes

1. kandidat, Sjølvstendig næringsdrivande

Stein Malkenes (63) frå Florø er Miljøpartiet Dei Grøne sin fylkesordførarkandidat. Stein er sjølvstendig næringsdrivande og gründer og har arbeidd som miljørådgjevar i inn- og utland i 20 år. Han er utdanna lærar og har tidlegare arbeidd som lærar og rektor i Floraskulen. Stein har vore leiar i Norges Naturvernforbund, i Norsk Fyrhistorisk Foreining og er no styreleiar i organisasjonen SalmonCamera. Han har også småbruk der han førebur villsaudrift.