Monica Gjesdal Larsen

2. kandidat, Lærar

Monica Gjesdal Larsen (45) bur og jobbar i Aurland ved Sogn Jord- og Hagebruksskule, den einaste heiløkologiske jordbruksskulen i landet. Her har ho ansvar for grønnsaks- og urteproduksjonen og er praksislærar i dette. Monica hadde si grøne omstilling i 2004 då ho tok til på si utdanning som agronom i økologisk landbruk, med eksamen i 2006, og har vidare pedagogisk utdanning frå NMBU i tillegg til studiar innan mat og agronomi. Frå tidlegare er ho utdanna innan kunstfotografi og kunsthistorie frå Kunsthøgskulen i Bergen. Monica sine overordna mål som andreplass på fylkeslista er å jobbe for eit berekraftig lokalsamfunn der ein tek vare på jorda, dyr og menneske og heilskapen.