Åsmund Kongsvik Aall

3. kandidat, Student

Åsmund Kongsvik Aall (20) frå Leikanger står på tredjeplass på fylkelista. Åsmund interesserer seg for ski, friluftsliv, film foto og miljø, og i år har han gått på Lofoten folkehøgskule, som har eit utprega miljøfokus. Han byrjar til hausten på studiar ved NTNU i Trondheim, der han i tillegg til studiane håpar å involvere seg enno meir i den frivillege organisasjonen POW (Protect Our Winters), som har som mål å mobilisere   vintersportsamfunnet i miljøkampen.